Hva skjer á?

Då var eg her igjen. Sidan eg oppdatera bloggen, så forstår sikkert alle som ikkje veit det at eg ikkje er heime. Er ein tur på Oseberg Sør. Skal reisa heim i dag, så no er siste mulighet for å oppdatera.
Her er tankar og refleksjonar sidan sist.

- Kenya er konge
- Brann kan ta gull
- Boss som står i 14 dagar luktar vondt
- Ketshup kjem fort når det først kjem
- Lurer på om ketshup er rett skreve
- Nils Jakob har stjelt min måte å oppdatere på
- Anne Marie har kjøpt seg ein steikje fin Octavia
- Oseberg sør er min favirittplass i nordsjøen.
- Det er snart sikkerhetsvideo
- Maten her er farlig god.
- Hadde mykje meir å reflektera om, men no er det vekke...
- Grådig iriterande å gløyma, spesieltfor dåke.
- Eg skal sei det med ein gong eg kjem på det

Me bloggast
Lev vel

André



Kom deg inn å stem

Kom deg inn å stem, hypp hypp

Nu reser jag hem

Då er siste dagen i Kenya komen. Eg går på flyet i morgon tidleg kl 11.10 lokal tid (ein time etter noreg). kl 22:35 går eg av flyet i snøtunge Bergen.
Sidan sist me var samla til lesing på bloggen har eg vorte brun, og blid, fått solenergi til tusen, og humpa meg gjennom 100 mil meir eller mindre veg i Kenya. Turen til Mombasa tok ca 8 timar, og var veldig svett og varm. 

No skal me ut å eta middag, og så må eg pakka kofferten. Skal rett i havet om alt går som planlagt.
Set inn nokre bilete av dei late dagane i Mombasa.

Lev vel
35385-70

35385-72

35385-71



From Kenya with Love

Ein månad har gått sidan eg sist posta eit inlegg på bloggen. Ikkje bra vil nokon seie. Bra vil andre seie og "blogg er ut" vil dei siste seie.
No er eg imidlertid tilbake, og som de sikkert har forstått så er det frå Kenya.
Tok turen ned her natt til tosdag. Vil ikkje anbefala nokon over 180 å ta nattfly, sor det er trangt, og ein får ikkje sova så mykje.
Planen her nede er å sjå seg om + å verte rik på solenergi. har fått ein liten dose i dag, men det er først på tirsdag når me reiser til kysten at det vert fart i sakene.
I dag var me på besøk på landsbygda. Var invitert heim til ein av arbeidarane her på skulen til NLM. Utrulig kjekt å få komma heim til ein familie. Der var heile slekat samla, og ein del naboa stakk hovudet inn for å så på blåbleike nordmenn.
Når me reiste fekk me ei geit i gåve. den stod bak i bilen dei 2 timane det tok å kjøra heim. På turen gjorde den sit fornødende, så no luktar heile bilen geit. Sjarmerande det!
Nedom er det nokre bilete frå besøket.

Skal prøva å skriva ein eller to gangar til når eg er her nede, men kan ikkje lova noko.
Lev vel i påskesola.

Dykkar

André


35385-68

35385-67


image69




Hei igjen

Ok. Sidan eg er i havet så må eg vel skriva nokre ord. Som vanleg nøya eg meg med setningar om det som har skjedd sidan sist. 

- Eg er ikkje flink til å oppdatere bloggen.
- Det er ikkje mange som er det, forresten….
- Å fly er ganske kjedelig.
- Å venta er enno meir kjedelig
- Eg fekk ikkje sitja attmed den fine dama på flyet denne gongen heller
- Opp med neven dei som trur at det hadde forandra André sitt liv
- Eg har stole eit fantastisk godt uttrykk hjå Nils Jakob
- Nils Jakob har stole det hjå Thormod
- Engelskmenn kan ikkje laga mat
- Eg treng meir søvn i havet enn heime
- Skal på komfeleir i helga
- Eg har ikkje oppe neven
- Skal til Frode, Jorunn og Mari Elise på søndag
- Nilsen har heva kjøpet på ein bil. 
- Anne Marie har kjøpt seg Skoda (gratulera)
- Eg har lyst på C30
- Bølgjer er fasinerande
- Engelskmenna kom seg med maten
- Øystein og Marit skal få seg rette veggar (gratulera)
- Billetten til Kenya er bestilt (og snart betalt)
- Eg reiser heim i dag
- Ramiro Corales kom ikkje likevel
- Liverpool har fått seg $$$$$$
- Eg likar jobben min
- Kate er 32 i dag
 -Å finna overskrift på bloggen er kanskje noka av det vanskeligaste som finns 

No må eg pakka og dusja før er skal reisa

Me snakkast 

André  

 

 

 


Gratulera



Christian har ikkje skifta jobb. Han har berre kjøpt seg pizza bil....

Slitan
35385-66

Klyp deg i armen.

 

 

Her er ei oppdatering til

  35385-65

Oma ville ha ein rapport frå havet. Det skal han sjølvsagt få. Som de ser har dei siste bloggane kome via oppfordringar, så det er berre å sende inn forslag til tema eg skal skriva om, så kan det hende dei ein dag vert omtala på blogge.

  


I Nordsjøen bles det. Og det genererer ein del bløder. Dette gjer at riggen gyngar ein del, sidan eg no er på ein flytar. Treng vel ikkje minna den ivrige andre.blogg.no lesaren om at eg har vore sjømann tidlegare i karriera. Dette medfører jo at litt gjynging går fint.

 


Elles så kan eg beretta at det var litt nedtur å koma ut på denne riggen etter å ha tilbrakt nesten 2 veker på Oseberg Sør. Mi beste samanlikning er at du kjem på ferja til Haljem og er vand med dei nye gassferjene, for så å oppdaga at det er gode gamle Skjærgard som akkurat no vert brukt på denne strekninga. Det er litt nedtur.

No tenkjer eg på forpleiing og luksus og ikkje arbeidsoppgåver.

 


I går var eg ein tur på 3D mølla. Låg ned 5 km på ca 22 minutt. Dette var eg relativt godt nøgd med. Einaste problemet var at eg syntes det var fryktelig vanskelig å springa her ute. Med litt opp og ned i riggen er det vanskeleg å halda balansen på ein matte som berre er 0,5m brei. Tenkte mange gagar på skrekksenariet at eg skulle tryna han og deisa rett i skottet. Hadde ikkje vorte ei kjekk oppleving.

 


Dagane går no elles fint. Det er jobbing frå tidleg morgon til seine kvelden, men innlagte kaffi, mat og kvilepausar. Maten er god, kaffien likeeins.

 

Ikkje så mykje meir å seie eigentlig.


Ligg ved eit bilete av vidunderet; DeepSea Trym 


Me bloggast

 

Lev vel

 


André



IIIIIIha

Eg vann på bingoen i går.

Ei helsing frå havet

Hei og hå.

Eg lova Brynjulf at eg skulle koma ei oppdatering mens eg er i havet. Så her kjem den. Dette har hendt sidan sist me var samla til lesing på bloggen.

 

- 2006 har vorte 2007.

- Andre har fått seg eige kontor

- AGR serverte indisk mat på julebordet (skuff).

- Renta har stege

- Thomas har slutta å sova til 16:00 (les; han har fått seg jobb hjå AGR)

- Me har mista Toffar  (les; han er forlova) (les; gratulerer så mykje)

- Eg har nesten lest ei heil bok.

- Jan Erik er på sjekkaren.

- Noregs Blindeforbund Lørdagspizza vann Gullfisken

- (Eg har ikkje sett reklamen før forresten)

- Eg hadde ei god jul.

- Nyttår var også fint.

- Eg er i havet for andre gong.

- Har handla på Tv shop for første gong.

- Det har regna i snart 90 dagar

- Pondus har skifta jobb

- Rong IL A-lag har vorte ein realitet

- Ramilo Corales har signert for Brann.

- Robbie og Charlie kan berre rykka ned

- Eg har begynt å irritera meg over at mais og ananas ikkje er i same hylle i butikken.

- Valujev vann boksekampen.

- Valujev liknar på Zidane

 

Lev vel god folk, og kos dåke med eit bilde frå meg  

Over og ut


35385-64



Eg er eit svakt menneske

35385-63

Nei, ikkje fysisk svak, men eg er svak for freistingar.
Er det ein ting som det går gjetord om, så er det maten i nordsjøen. Eg kan skrive under på at det er ingen myte, men harde fakta. Den er drit god.
Før eg reiste ut hadde eg besstemt meg for at eg skulle ta det med ro, tenkje meg om to gongar før eg tok oppå talerken. Det har eg klart med blanda hell må eg sei.
Spessielt har eg fokusert på å ikkje ete så mykje dessert, men det er jo lerrare sagt enn gjort.... Her boknar det av kaker puddingar, kremar, sauser og alt anna som er godt og usunt.

Pga inntaket som er langt over det eg er vand med, så har eg pressa meg ein ekstra km på 3D mølla kvar gong eg har vore på den. Har hatt 3 turar på 5 km kvar. 

Dette er siste dagen her ute, og no gjenstår berre pakking og timeskriving. Må sei eg er veldig klar til å stikka no.

Me bloggast.

Lev vel
André

(PS: no er stillinga 10 -2 Ingrid) 

Ja......

35385-62

For tida er eg her. Ikkje på bloggen, men på Oseberg Sør. Eg er på jobb og skal måla tjukkelsen på diverse rør. For ikkje å gjera bloggen for kjeisam skal eg stoppa med den forklaringa.
I går var det vind på 70 knop her ute. Då var det litt vær skal eg sei eller skriva deg.
For dei som ikkje veit korleis me skal rekna om frå knop til km/t eller m/s, så kan eg fortelja at 70 knop er det same som ca 130 km/t eller 35 m/s. 
Sjølv om det blas godt i går så måtte eg ut å jobba. I oljo er det ingen bønn. Eg var faktisk heilt oppe i boretornet. Ganske spesielt, og quite windy....
Ellers så vil eg oppdatera stillingen mellom meg og Ingrid. Den er no 9-2. Det er det me på fotballspråket kallar utklassing.
No har eg nett ete med ein (ok, to) rosinbollar. Dei var smellande gode og smellande ferske. 
No skal eg ut  å ta eit par målingar, så er det middag, kanskje litt trening, litt tv og litt søv. 
Kjem hiem på fredag, og det vert ganske ok. Då har eg ei veke på å kjøpa alle jolepresangane. Det vert litt stress, men eg skal førebu meg godt.

Det var det.
Lev vel

André


Brann sine nye drakter

35385-61




















Her er Brann sine nye drakter. andre.blogg.no er den glad for å være første medium som presenterer dei.
Eg synes dei er fine. Skal ha meg ei sånn

André

Litt på ein sundag

I dag er det søndag, og det regnar. Det har det forresten gjort kvar søndag i heile november. Faktisk kvar dag i november... "Ha" - tenkjer bobben no. Jaja. me er no vantette alle mann.
Eg er i Øygarden. Har vore i garasjen til Gisle å skifta bremsa på Audien. Eg fekk det til !!!  Ei meget god kjensle må eg sei. Skal vel kalla ein spade for ein spade, og sei at eg ikkje eg hadde klart det utan hjelp frå meine broder.

35385-60
Har i den seinare tid vore titt og ofte vore på dagbladet.no for å stemma fram
 "Klubben i mitt hjerte". Eg har sjølvsagt semt
fram BRANN. Det vart ein heiderlig 3 plass.
For dårleg etter mi meining.
Ein ting som eg synets er/var morosamt er at Valestrand Hjelvik FK
kom på 4 plass i avstemninga.
Slått av vif, rbk, SKB og ffk.
Anbefalar å ta ein titt inn på heimesida deira.


God sundag til dykk alle

Lev vel

Me bloggast

André



Hei igjen

Hei igjen.
Eg innser at eg har skuffa mange med å ikkje oppdatere bloggen på lenge. Det er fleire grunnar til det.

1. Eg har i mitt stille indre utnemnt meg sjølv som vinnar i blgg utfordringa frå Ingrid. No gjer eg det i full offentligheit og. Det var jo ein del av motivasjonen for å få opp oppdateringsfrekvensen.
2. Eg har fått mykje meir å gjere på jobb. Det vil sei at eg ikkje kan oppdatera på jobb, og kveldane er korte + at eg fekk internett for ikkje så lenge sidan
3. Brann tapte på målstreken. Det var nok den verste dagen i mi supporter karriere. Skulle eg ha oppdatert då, hadde det berre kome gørr ut av meg.
4. Eg var i Ølen i 10 daga. Då var det jobbing i 15 tima i strekk kvar dag. Då var ikkje blogg oppdatering det som eg hadde mest lyst å gjere når eg var ferdig. Bildet er av DeepSea Delta som eg jobba på i Ølen.

35385-59
Ellers har den siste tida gått med til fylgjande:

- Jobbing
- Komma på plass i leiligheta
- Komma ut av plass i den gamle leiligheta
- Deppa over gullet som glapp
- Gleda meg over gullet som kjem
- Litt trening
- Kjøp av spisebord (er neimen ikkje lett)
- Hørt på den nye cd´en til DeLillos(konge cd. (Anbefalast på da sterkaste)


Eg må leggja meg no. Skal nemmelig opp tidleg i morgon og. Må til Øygarden å skifta bremsa på bilen. Det kan verte interesant...

Kan forresten ikkje garantera når neste oppdatering kjem

Men me bloggast.

André


Når de mørke skyer

Eg prøvde å få ned noko fornuftig, men eg klara da ikkje. Skuffelsen er for stor. Kan hende seinare. Ikkje no.

Bloggast


Om meg

Mitt profilbilde

Nick: André

Fra: Øygarden

Kjønn: Gutt

Født: 1981

Mer...

juli 2007
ma ti on to fr
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31